Hytera PD405 digitalt samband (4 stk.)

Visste du at leietakere i Kommunikasjonsradio vanligvis gir en vurdering på 4.9?

Vis flere

Identifisert av BankID

Oslo Fylke 250 m

Skader er forsikret uten egenandel. Les mer

Beskrivelse

Treng du sikre og pålitelege radioar til event, prosjekt eller aktivitet? Eg tilbyr leige av Hytera PD405-radioar. Desse er svært enkle i bruk, og treng ikkje mykje opplæring for å ta i bruk. Dei brukar UHF, og funkar svært godt innandørs, i bygg og i tettbygde strøk, i tillegg til å ha svært god rekkjevidde ute. Dei kan brukast digitalt (DMR nivå 2), analogt eller blanda. 4 stk. Hytera PD405-radioar 2 stk. ladekablar med ladestativ 2 stk. monofonar Radioane har ei strålingsstyrke på opptil 4 W, i motsetnad til lisensfrie radioar som har 0,5 W. Dei er programmert med lisensiert kanal (PMR-løyve 18174) som kan delast i 2 kanalar. Dei støttar også private éin-til-éin-samtaler. Du kan velja om du vil bruke radioane analogt eller digitalt. Radioane kan også programmerast etter ønske. Langtidsleige? Ta kontakt for tilpassa prisar. Det gjeld vilkår for bruken av sambandet som leigetakar må godta før leigeforholdet blir stadfesta. Spesifikasjonar: – Frekvensband: UHF: 400 - 470 MHz – Batteri: 1500 mAh – Batterilevetid: 12 timar (analog)/16 timar (digital) – Mål (utan antenna): 112 × 54 × 28 mm – Vekt (med antenne): kring 270 g – Kan brukast i temperaturar frå –30°C til +60°C – Kan lagrast i temperaturat frå –40°C to +85°C – IP-grad: IP55 (støvskjerma og spylesikker) Kodeord: leie, leige, samband, walkie talkie, walkietalkie, walkie-talkie, nødnett, søk og redning, radio, PMR, dPMR, DMR, VHF, utleie, utlån, lån, låne

Kanselleringsvilkår

Gratis avbestilling inntil 2 dager før utleien din starter. Etter det får du halvparten av beløpet tilbake inntil dagen før. Les mer

Rapporter annonse