
Leies ut av Richard S
Identifisert av BankID
Svarer vanligvis innen et par timer
100% responsfrekvens
Fjaler 333 km
Kjøretøy er forsikret for skader med en egenandel på 1 500 kr for den som leier. Veihjelp er inkludert uten egenandel. Les mer
Til leige ei strøken campingvogn frå 2018 med gjennomtenkt planløysing og god plass til familien. Det er heile tre køyesenger bak i vogna, dobbeltseng i midten, og stor salong framme der bordet kan leggast ned for å gi plass til fleire sengeplassar. Me er sjølv to vaksne og tre born og kan fint ete måltida i salongen utan at det blir for trangt. Kjøkkenet har alt som trengs for å lage mat: tre gassbluss, gasskomfyr, mikrobølgeomn (230VAC), kjøleskap med god plass og frysar. Det er også ei Nespresso-kapselmaskin for kaffi, merk at ein må vere tilkopla 230V for å nytte den. Kjøleskapet og frysaren kan enten gå på 230V, gass, 12V eller frå bilen når den er tilkopla under køyring. Det er toalett, dusj og nedfellbar vask på badet. Toalettet har ein eigen tank som enkelt kan takast ut frå ei luke utvendig for tømming. Vogna kan varmast opp med Alde varmesystem, som både har varme i golv og veggar. Systemet kan enten gå på 230V eller gass, og kan enkelt justerast med eit panel over døra. Det er eit eige alarmsystem for eventuell gasslekkasje. Det er godt med oppbevaringsplass under salongen, dobbeltsenga, benkane og skap. Vogna har ein nyttelast på 341 kg, som gjer at ein kan pakke med seg det ein treng for eit lengre opphald. Eigenvekta er 1659 kg, som gjer at tillaten totalvekt er 2000 kg. For å leige vogna må ein minimum ha anten BE- eller B96-sertifikat. For gråvatn frå vask og dusj er det ein eigen tank som blir lagt under vogna tilkopla ein slange, eller ein kan nytte den interne tanken som kan tømmast ved eigna plass. Vanntanken er på ca. 50 liter, og det er moglegheit for tilkopling av vasslange rett til vogna der det er lagt opp til det. Varmt vatn får ein enten ved tilkopling til 230V eller på gass. Det er eit 100Ah 12V forbruksbatteri for lys, dersom ein ikkje får kopla seg til 230V. Dette batteriet er for lys, tenning for gassbluss og til TV-en, som ein enten kan sjå frå dobbeltsenga eller vende for å sjå frå salongen. Bak på vogna er det sykkelstativ med plass til fire syklar. Vogna blir ikkje leigd ut til fest- og festivalbruk, og minimum antal dagar for utleige er tre. Vogna er einaksla og er god å køyre med. Skal ein på ein lengre tur, må ein vere førebudd på at ein må justere bremsene på vogna undervegs. Ein gjennomgang på dette blir gitt ved henting. Vi brukar sjølv ein Ford S-max med 150hk og har ingen problem med trekking av vogna. Standard universelle køyrespegl følger med og kan nyttast om dei passar på bilen. Det er ikkje tillatt med dyr grunna allergi i familien. Røyk er ikkje tillatt. Eit oppblåsbart fortelt Air Pro kan følgje med på eit leigeopphald på 4 dagar eller meir. Det følgjer med 5 enkle stolar til utebruk og med eit enkelt foldbart bord, som kan stuast under dobbeltsenga og kan nåast frå ei luke utvendig. To gassflasker følgjer med, der ei vil vere full før turen starter. I høgsesongen (veke 24 til og med veke 34) leigast vogna kun ut for minimum 7 dagar for 9000,- per veke. Utanom høgsesong kan vogna leigast ut for minimum 3 dagar for 4000,- eller for 7000,- for 7 dagar. Vogna må leverast tilbake vaska både utvendig og innvendig, og tank for gråvatn og toalettank må vere tømt og skylt. Ved mangel på tømming kjem ein ekstra kostnad på NOK 1000,- og ved mangel på vask kjem ein ekstra kostnad på NOK 1500,-.
Gratis avbestilling inntil 7 dager før utleien din starter. Etter det får du halvparten av beløpet tilbake inntil 3 dager før. Les mer
Mikael Risøy K Har leid Ford Transit stor varebil
Super fornøyd med bilen! Anbefales😊
Terje O Har leid Ford Transit stor varebil
Veldig praktisk bil. Alt fungerte knirkefritt
Rapporter annonse